YNB Historie - YNB

Ytre Nordfjord Brass ...
Gå til innhold
Ytre Nordfjord Brass si historie sammenfatta av Johan Kroken skrevet til 25 års jubileet den 7 november 2021
YNB – Ytre Nordfjord Brass.
Gratulerer med jubileet. Opphavet var Bryggja Musikklag som vart starta i 1894, og heldt det gåande i 102 år. I 1996 var det slutt. Men då dukka YNB opp, ved at Bryggja musikklag , Nordstranda musikklag og Skavøypoll slo seg saman, slik at ein kunne få eit skapeleg korps, og stiftingsdatoen vart 7 september 1996.  I den vesle diskusjonen om kva ein ville med korpset var det heilt klart at dette var gjort for at dei i desse bygdene, som hadde lyst å spele, skulle få ei mulugheit til det, men også for at bygdene framleis skulle ha eit korps i bygda. Difor var det viktig, at når ein omtalte korpset, så var dette eit samarbeidsprosjektet, viktig i alle samanhengar, og alle bygdene måtte få eigarskap til korpset.
No er altså dette korpset 25 år, og har utvida reviret sitt betrakteleg. YNB har med folk frå Bryggja og Almenning naturlegvis, men har, eller har hatt, medlemar også frå Måløy, Raudeberg, Torskangerpoll, Vanylven, og Rovde, og so heldt eg nesten på å gløyme at Flatraket også har levert musikantar til korpset.
Det fyrste vedtaket som vart gjort, var å «døype» korpset. Nokre få ville kalle det Vågsøy brass, altså at det høyrde til i Vågsøy  kommune, men resultatet vart altså Ytre Nordfjord Brass, då kunne korpset femne ennå vidare. Det var viktig å gå ut i avisa og gjere kjent at det var skipa eit nytt korp, så andre kunne verte interesserte.   Målsettinga var å få spele, å skaffe seg speleoppdrag, opptre, få til sosiale arrangement og konsertar, slik at ein fekk formidla kva ein dreiv med.
Dette gjer seg ikkje sjølv, og som alle andre lag måtte ein ha eit styre, som tok det overordna ansvaret. Den fyrste leiaren var Jørgen Blålid frå Skavøypoll. I styret elles var Jonny Almenning, Turid Midtbø, Ottar Svarstad og Alfred Solibakke med , altså ei herleg blanding frå fleire bygder. Det var ikkje berre å melde seg inn og spele, du måtte betale for å få vere med og 400kr var fyrste årskontingenten.
So langt alt vel. Og so var det dirigent, dokke veit han eller ho som står framfor korpset, med lyfta hender, og så snart han ledar på dei startar korpset å spele. John Tenden fekk æra av å vere den fyrste.
Å ha det kjekt ilag var litt av målet, akkurat slik som i dag. Berre 2 månader etter oppstart vart bygdafolk i Skavøypoll, Almenning og Bryggja inviterte til retteleg Bierstube-stemning med ompa-ompamusikk og allsang. Dette vart så vellukka at dette konseptet vart brukt fleirfaldige år, både her heime, og ikkje minst inne i Stryn. Som sagt var korpset stifta i 1996, så 1997 var fyrste året dei fekk spele 17. mai. Det er no litt artig, i ettertid å sjå eit notat som var gjort i eit styremøte i januar dette året: YNB skal opptre som samla korps i toget på Bryggja. Vi må tilstrebe oss på å klare å stille slik at vi er spilledyktige kl 08.00 på Bryggja.
Ein fast tradisjon har vorte julekonsertane, med YNB anten som arrangør eller som medspelar. Kyrkja har vore den faste arenaen for dette arrangementet, og mang ein gong har det vore stappfullt. Kyrkja i bygda har forresten vore mykje nytta av korpset,  og mang ein skjerv har vorte overlevert etter konsertane til bruk for kyrkja i trange tider, m.a. konserten i mai 2011 saman med mannskoret Frendar, då inntekta gjekk til opp-pussing av kyrkja i samband med den føreståande 100-års feiringa i 2012. I januar 2017 var økonomien så dårleg i kommunen at løyvingane til sokneråda vart sterkt nedskorne. Dette førte til at fellesrådet bestemte at ein skulle ha i drift berre ei kyrkje i slengen, og Totland kyrkje skulle berre brukast i oktober og november. Det vart eit ramaskrik naturlegvis, og kanskje var det det som var hensikta med vedtaket. I alle høve ba kommunestyret om at sokneråda måtte drive kyrkjene slik at innbyggarane vart tente med tenestene, og løyvde litt meir pengar. Då det vart kunngjort i avisene at kyrkjene ikkje skulle stengjast, kunne ein lese i Fj.T at YNB i pur glede over at det ikkje vert noka nedstenging skulle halde konsert i kyrkja den 4. april, og 30 % av inntektene skulle gå til drift av kyrkja.
I sesongen 97/98 overtok Jan Tore Hessevik dirigentpinnen, eller kanskje eg skal seie stafettpinnen, for sjølv om nokre har vore dirigent i litt lenger periodar, er det mange som har vore innom i desse 25 åra.
Heilt våryre satsa korpset stort på vårkonsert i Samfunnshallen, saman med Kjølsdalen Musikklag, Måløy songlag, og Stormklang. Og så skulle det vere dans etterpå sjølvsagt, med «Memories» som danseband, og so va det mat naturlegvis, spekemat, potesalat, flatbrød og øl.
Denne hausten overtok Alfred Solibakke som leiar. Korpset sette seg som mål å legge lista litt høgre når det gjaldt den musikalske delen, og som inspirasjon reiste ein til Averøya på Nordmøre på stemne. Det var forresten denne hausten ein kom i gang med ei ny inntekstskjelde .- Bingo. På to kveldar hadde ein 9000 kr i inntekt, her var det berre å stå på.
I mai 1999 vart det skifte av leiar igjen. Det er godt å ha fleire som kan trå til. Kari K. Solheim vart innklappa som leiar. Bekslestemnet hadde gitt ei inntekt på 28.000 trass i litt dårleg ver. Men sjølv om ein hadde gode inntekter, var der og misslyd å høyre. I starten av haustsesongen var det litt dårleg frammøte til øvingane, og dei som var frammøtte hadde forskjellig som dei pusla med, skal ein tru møteboka. MOBILEN SKAL VERE AVSLÅTT, er beskjeda frå styret. Dette må ha kome seg umiddelbart, for haustsatsinga, Andrew Lloyd Webber- konserten i Samfunnshallen saman med damekoret Vestavind 14. november, vart ein braksuksess.
Det var på tide å bruke litt pengar. Etter lang tids fundering og diskusjonar hadde ein vorte einige om at korpset skulle satse på å kjøpe nye instrumenet. Eit lån med 10-års nedbetalingstid skulle skaffe dei pengane som trongs, og med 360.000 kr disponibelt fekk alle musikantane nye instrument. Dei gamle vart lagt ut for sal, og det var mange skulekorps rundt om som vart glade for å få kjøpe relativt rimelige instrument.
So var det nye stafettar. Ivar Waag overtok som leiar, og Lisbeth Våge overtok som dirigent hausten 2000.
Samarbeidet med Vestavind vart ein kjær gjengangar., som ga mange flotte opplevingar, både for dei som deltok og dei som høyrde på. Show-konserten «Uten tråd . Just 4 Fun» vart gjennomført med glans på Byggja i februar 2002. Framføringa på Stadlandet ein månad seinare stod og til treningkast 6, men dessverre var der lite publikum.
Hausten 2003 vart det litt vanskar med personell, mange skulle reise vekk på skule. So vart det Eli Vambeset sin tur å verte leiar, og Jan Tore kom på som dirigent igjen. Dette året vart likevel eit godt år for korpset. Haustkonsert, Romsjulsdans med 40.000 i kassa, og Beatles-konsert musikalst ein suksess, men strålande ver gjorde at publikumstalet var skuffande. Då var det kjekkare at ein kunne gjere stas på nokre av sine eigne musikantar. Det vart utdelt både 20-, 30, og 40 års medaljer som musikant. Aller størst jubel vart det for Harald Oppedal som fekk Norges Musikkorps Forbund si 50-års medalje, og heidersdiplom. Han hadde då vore korpsaktiv i 57 år.
Kyrkjekonsert vart det både i Totland og i Bjørke kyrkje. Etter konserten i Todtand kyrkje var det som vanleg vellæte frå publikum, og Fjordenes Tidende tok i bruk svært rosande ord om kvaliteten. Intermesso frå Cavaleria rusticana , med Elisabeth sin solo, fekk særskilt mykje skryt.
Musikkstemnet i 2005 var på Røros. Etter ferien hadde ein ikkje klart å stille kandidat til leiarvervet, i tillegg stod ein ved ein annan skiljeveg. Det var fleire som var åt å vart leide, og andre tykte det vart travelt. Kva gjer vi, var det store spørsmålet. Så prøvde ein med øving annankvar søndag, og det funka. Eli tok på seg leiarvervet for eit år til, og ut på hausten fekk ein ei anonym gåve på 15.000kr til drift av korpset. Optimismen heldt fram over nyttår, og på basaren i februar vart ein strålande suksess, står det i eit referat. Det var glise på stolane då klokka nerma seg 4, og korpset skulle til å starte. Men då strøymde det på med folk, ca 170 personar vart samla, så her måtte ein til å sette inn fleire både bord og stolar. I tillegg var det besøk av eit kjempegodt gjestekorps, nemleg Torskangerpoll musikklag.
Sidan det då var mange flatrakarar med i YNB, kvitterte korpset med å vere gjestekorps ved Flatraket skulekorps sin basar.
No kjem ei periode med mykje reking. Tre år nesten på rad, reiste korpset på utanlandtur. I 2008 til Riga i Latvia, til Tyskland i 2010 og Wien i Austerrike i 2011. Og i 2012 var det gjenvisitt frå Austerrike. Eg anbefalar alle å gå inn på heimesida til korpset, YNB.no og lese reisereferata frå desse fire, utanlandsbesøkja.
Desse turane skapte blest rundt YNB, og i årsmeldinga er det bemerka at ein no har fått fleire nye medlemar som glid fint inn i miljøet.
Sesongen 2011/2012 var Solveig Midtbø leiar.
Hans Jacob Schytke var dirigent då korpset besøkte Tyskland. Rolf Dyb var dirigent frå 2011, og Karin Vambeset vart vald til leiar igjen hausten 2012.
Frå 2014 vil eg ta med at det var stas å kunne heidre 5 av medlemane med medalje: Eli Vambeset, Frank Hessevik, Elisabeth Henriksen med 30 år, Dagfinn Solheim med 40 år og Kåre Moldestad med 50 år som musikantar.
Vårkonsert og Haustfestar, Revy og mat, Julekonsertar og Romjulsdansar ga bra økonomi, og korpset hadde nokolunde jamn besetning åra framover til 2019. Det var litt att og fram når det gjaldt dirigentar, og korpset måtte rekruttere frå eigne musikant-rekkjer. Så også denne sesongen er det Arild Nyheim som er dirigent, og som skal svinge taktstokken i dag.
Dagens leiar er Terje Lykkebø som no er i sin andre sesong.
Det er eit tema eg ikkje har nemnt, og det er uniformer, eller antrekk, kan ein kanskje og kalle det. Eg for min del ser føre meg YNB, med svarte bukser, svarte blusar eller skjorte og raude skjerf eller slips. Men i dag ser dokke noke heilt anna. Dette er dei nye uniformene til YNB. Gratulerer så mykje  med nye kle, og igjen, gratulerer med jubileet.
Tilbake til innholdet