Oktoberfestival 2017 - YNB

Ytre Nordfjord Brass ...
Gå til innhold
Oktoberfestival Stryn 15-17 September 2017





Ynb har for tredje året på rad vore på oktoberfestival i Stryn. Vi reiste inn på fredagskvelden sånn som vi bruker, og innlosjerte oss på Stryn Hotel.
Deretter gjekk vi til festivalomådet, der det var mykje folk og ikkje minst mykje lyd.
Stage Dolls gjekk på scena kl 2100, og etter det var det ompamusikk og stor stemning.
Vi starta lørdagen også i år med å spele ved Stryn Hotel, og et heilt fantastisk haustvær, gjorde til at det var en glede å gå rundt i lederhosen  og spele i gata og på festivalområdet.
Vi hadde for anledninga fått ein tamburmajor frå Stryn. Han stilte oss opp, og finretta radene, ingen slinger i valsen. Så marsjerte vi mot festivalområdet og stilte oss opp utanfor teltet og venta på opptogen mens vi spelte nokre ompa-låtar. Deretter spelte vi rundt i Stryn sentrum, og hadde mykje publikum som ga oss fine ord.

Vi var i eine teltet og fekk med oss konserten til Kampen Janitsjar. Sjølv om det var Janitsjar, var vi meget imponerte. Dei var rett og slett kjempedyktige. Her har vi å strekkje oss etter. Nokre av medlemmane deltok på festmiddagen, og inntok ein fantastisk svineknoke og sauerkraut.
Ellers gjekk vi rundt i festivalområdet resten av kvelden, og hadde det kjekt i festleg lag. Søndagsmorgen var alle friske og raske på frokosten, og vi reiste heim med bussen som Terje køyrde sikkert og trygt.
Tilbake til innholdet