Oktoberfestival 2015 - YNB

Ytre Nordfjord Brass ...
Gå til innhold

Oktoberfestival Stryn 18-20 September 2015


Ytre Nordfjord Brass deltok på Oktoberfestival i Stryn, og det var moro. Vi reiste inn på fredagskvelden og vart innlosjert på Stryn Hotel. Klokka 20 var vi komt i Storteltet og begynt på Oktoberfesten. Dei fleste veit vel kva det går i på desse festane. Det vart drukke øl i fra store krus og stemninga var stor. Klokka 21 kom Kjell Kjellen Bigset på scena og då var det gjort.
Det var ikkje vanskelig å få seg verken mat eller drikke, og pølsene var ikkje snaue. 40 cm pølse er det ikkje ofte vi ser.




Stemninga var stor og allsangen ljoma ut over kvelden, men alle var friske og raske til frokost på lørdagsmorgon. God frokost er alltid godt å starte med
Vi skulle ikkje spele før kl 13, så mange benytta tida til shopping. Dei fleste hadde skaffa seg läderhosen og var riktig antrukket for anledningen.

Vi skulle spele ompamusikk, som er typisk for denne type festival, på utsida av teltet når opptoget ankom, og det gikk fint. Etterpå tok vi oss en tur i gata og stilte oss opp og spelte til stor fornøyelse for dei mange menneska som var der.

Ut på ettermiddagen var det Bingo i storteltet, og der var vi samla omtrent alle sammen. Elisabeth drog inn en av dei største gevinstane, så det var stor stas
Så på lørdagskvelden var det festmiddag med svineknoke med tilbehør, som er typisk for oktoberfestivalen. Det smakte fortreffelig.

Dei fleste avslutta kvelden ganske tidlig, og med frokost på søndagsmorgon avslutta vi en flott weekend. Ryktene gikk om at vi var velkomne inn att neste år også.
Tilbake til innholdet