Eldre Nyheter - YNB

Ytre Nordfjord Brass ...
Gå til innhold
Haustkonsert 2018

YNB arrangerte haustkonsert i grendahuset på Bryggja søndag den 4 november. Det vart framført 12 nummer under ledelse av vår nye dirigent Arild Nyheim.
Om lag 150 publikummarar fekk med seg konserten, og det er kjekt at folk møter opp på våre arrangement.
Vi hadde gjestekor på haustkonserten, Kvartetten Drops frå Stadlandet. Dei framførte ni songar.
Vi er veldig glade for at Drops takka ja til å delta på konserten vår. Dei gjorde verkeleg ein flott figur og publikum var meir enn nøgde. Dei imponerte til dei grader og var med på å sette stemninga.
I tillegg til korpsmusikk og song, var det også kaffi, kaker og åresal.

----------------------------------------

Ministemne på Sandane 2018

YNB var på tur til Gloppen på lørdag 9 juni, på ministemne for voksenkorpsa i Nordfjord. Det var fullt opplegg med oppmarsj, minikonserter rundt om på Sandane, og tilslutt konsert i Trivselshagen.
På kvelden var det middag og påfølgene dans i Gimle Grendahus.
Andre korps som deltok var Måløy Musikklag, Eid Musikklag, Stryn Musikklag og arrangør Gloppen Janitsjar.
Dette var siste sprell for YNB denne sesongen.

--------------------------------------------

Basar Eid  8 april 2018

YNB var på oppdrag søndag 8. april. Denne gang til Eid som gjestekorps på Eid Musikklag sin basar. Masse fin musikk vart framført av Nordfjordeid Skolekorps, Eid Musikklag og YNB.
Vår dirigent Rebecca Smilovski hadde ein travel ettermiddag, då ho er dirigent for alle 3 korpsa.
Vi framførte 5 musikkstykker: Alt for Norge, Blåmann Blåmann, Bruremarsj fra Lødingen, Så ta mitt hjerte og Lappland. Flott solo av Vigdis Gjengedal på Blåmann Blåmann og Elisabeth Henriksen på Lappland.
Når vi i tillegg kunne kjøpe både kaffi og kaker, og forsynte oss bra av gevinstbordet på åresalget, så vart det en fin ettermiddag på Eid.
Vi takkar Eid Musikklag for invitasjonen.
Tilbake til innholdet