Gjenvisitt fra Østerike - YNB

Ytre Nordfjord Brass ...
Go to content
Reisebrev

Onsdag 2. juli 2012 fekk vi gjenvisitt av korpset som vi besøkte i Østerrike i 2011.

Musikverein Neckenmarkt starta sitt besøk med konsert i Sør-Vågsøy kirke, 2 timar etter ankomst Måløy. Dette var den fyrste  av sommarkonsertane som Kyrkja arrangerar. Det viste seg at Vågsøy publikummet lurte på kva dette var, for nesten hundre personar ville høyre på kva østerrikarane hadde på programmet.
Det var ein konsert med kun musikk frå østerrike, og vi var imponerte over dynamikk og presisjon som korpset framførte.
Etter konserten hadde vi sosialt samvær på Kraftstasjonen, og gamle venner vart gjenforente.
Torsdag var korpset på sightseeing i området. Lisbeth og Cathrine følgde dei til Stadt-området og viste dei kva Selje og Vågsøy kommune kunne by på av perler.

Om kvelden samlast vi alle sammen på Vågsberget. Karin og Dagfinn hadde forberedt grilling av laks, levert av Marine Harvest, og Kari grilla til den store gullmedaljen. Østerrikarane åt som dei var galne. Dette likte dei kjempegodt. Vi spurte om dei hadde laks i Østerrike, og det hadde dei var svaret, men ikkje så god som dette…


På slutten av seansen samla vi oss ved bergane ved fjorden, og der såg vi på solnedgongen og song norske og østerriske viser om ein annan.

Etter at vi var ferdige på Vågsberget, samla vi oss nok ein gong på Kraftstasjonen og fortsette praten til langt ut på natta.


Takk til Rita for ein fantastisk stund på Vågsberget. Vi vart påminna om forskjellen mellom våre 2 land. Då vi var i Østerrike besøkte vi eit gamalt slott, prangande og overdådig. No fekk Østerrikarane sjå kor karrige kår vi her i nord levde under i gamal tid, sjølv om Vågsberget var ei stor og flott bygning i si tid.

Fredag måtte østerrikarane begynne forberedelsen til heimreisa. Dei fekk pakka i bussen og samla seg på torget ved middagstider, der Johnny og Kåre m.fl. møtte opp og tok dei med på sjøen for fiske og sjøsportsaktiviteter.

Vi havna alle sammen tilslutt på Silda, der vi kosa oss i fint sommarveir. Det var likevel kaldt for østerrikarane som kom hit frå 37 grader. Vi i YNB sat lettkledde og sola oss, mens dei pakka på seg jakker og meinte det bles!!!

Det vart tidleg kveld på østerrikarane. Då klokka vart ni måtte vi køyre dei tilbake til Osmundsvåg der bussen stod klar og venta på dei. Flyet deira gjekk frå Gardemoen laurdags morgon.

YNB takkar Musikverein Neckenmarkt for besøket, og vi håpar våre vegar treffast ved ei seinare anledning. Det er allereie medlemmar i korpset som har bestemt seg for å besøke Neckenmarkt neste haust når Neckenmarkt har vinfestival i området.


YNB vil også takke dei medlemmane i korpset som gjorde dette til ei flotte veke, både for besøkande og oss i korpset!

Back to content