Tilbake

15/11/22

Utekonsert på Stadt 2020


Som ein forsinka opptreden i "spel norsk"-veka, holdt korpset konsert i Korsen på Leikanger, lørdag 26.september. Vi utvida reportuaret med litt anna musikk enn berre norsk.
I solskinn og sterk vind, sat vi nokolunde i le inn i paviljongen. Men, dette hindra ikkje at notestativ bles overende og notar flaug avgårde. Nok ein frisk konsert i Ytre Nordfjord.
Det var ikkje så mange Stadsarar som hadde møtt opp, men vi satsar på at neste gong vi kjem vil litt fleire komme og høyre på oss. Vi hadde marsjer, norsk pop-musikk og litt forskjellig på reportuaret.
Etter konserten varma vi oss med god kaffi og småkaker på Korsen Pub og Kafe, og som ei finale var det nokon av medlemmane som avslutta ei kjekke stund med å gå på Revjehornet.
Utekonsert på Stadt 2020