Grasrot - YTRE NORDFJORD BRASS

Go to content

Main menu:

INFORMASJON


Grasrotandelen: Støtt YTRE NORDFJORD BRASS via Norsk Tipping

Frå 1. mars 2009 kan du hos Norsk Tipping bestemme at Ytre Nordfjord Brass skal motta inntil fem prosent av innsatsen din.

Denne ”Grasrotandelen” går ikkje ut over innsatsen eller premien din, men kjem i tillegg til det du spelar for. Det har ingenting å seie om du tapar eller vinn på spelet ditt. Du blir heller ikkje belasta for å være grasrotgjevar. Har du for eksempel spelt for 100 kroner på Lotto, gjev Norsk Tipping fem kroner direkte til den mottakaren du har plukka ut – Ytre Nordfjord Brass. Premien din blir like stor.

Ordninga har tilbakevirkande kraft frå 1. januar. Dermed vil vi også motta ein del av det du har spelt for så langt i 2009, straks du oppgjer Ytre Nordfjord Brass som mottakar etter 1. mars. Grasrotandelen gjeld alle spel hos Norsk Tipping, med unntak av Flax og Extra.

Frå og med 1. mars gjer du det direkte i tippedisken hos kommisjonæren, på internett, på mobilen og på speleterminalane.

  • Oppgje organisasjonsnummeret til Ytre Nordfjord Brass  – 977 351 170 - hos kommisjonæren.


  • Hvis du spiller online fra din egen pc så logg deg inn med kort og kortleser og velg Min side, deretter    Grasrotandelen. Her kan du søke opp Ytre Nordfjord Brass, og enkelt knytte deg til.


  • Bruk Mobilen og send SMS med kodeord GRASROTANDELEN 977 351 170 til 2020 (Tjenesten er gratis).


  • Søk fram Ytre Nordfjord Brass på www.norsk-tipping.no. Der skriv du ut ein eigen blankett med strekkode på. Denne tar du så med deg til ein kommisjonær for registrering, og dermed gjer du slik at det dryp litt på oss kvar gong du leverer ein Lotto-kupong eller eit anna spel hos Norsk Tipping.


Ytre Nordfjord Brass oppfordrar alle medlemmar til å aktivere oss som grasrotmottakar! Få gjerne vener, familie og andre kjente til å gjere det same.




 
Back to content | Back to main menu